Kontoret for voldsoffererstatning
Kontakt RKK    Lenker    Brosjyrer
Kontoret for voldsoffererstatning Støttetelefon

Andre språk

English  Russian  Arabic  Polish  Bosnian  Kurdish  Farsi

Haugesund

Medieomtale

Rådgjevingskontoret for kriminalitetsoffer i Haugesund dekkjer Haugaland og Sunnhordland politidistrikter.

Rådgjevingskontoret for kriminalitetsofre kan bidra med:

Støttesamtaler, råd og veiledning.Kontoret har som hovudgjeremål å hjelpe personar som har opplevd kriminalitet. Ofte dreier det seg om at kriminalitetsoffer ynskjer kunnskap og støttesamtalar om det å bli eit offer for kriminalitet og overgrep, samt offerreaksjonar på kort og lang sikt. Elles er arbeid med å hjelpe til i prosessen med å søkje om valdsofferskadebot frå staten ei stor oppgåve for kontoret. Rådgjevingskontoret skal være et trygd holdepunkt og gi medmenneskelig støtte og hjelp til personer som er berørt av kriminalitet.

Rådgjevingskontoret vart etablert i 1996 og samarbeider med hjelpeapparatet lokalt, og politi- påtale og rettsvesen. Rådgjevingskontoret sin næraste samarbeidspartnar er politiet sine ulike driftseiningar. Kontoret har også eit nært samarbeid med Konfliktrådet, med Krisesenteret i Haugesund og med andre instansar det har mykje til felles med.

Rådgjevingskontoret gir også støtte til vitner i straffesaker.Kontoret gir støtte til vitner både før- under og etter hovedforhandling. Dei siste åra er det fleire og fleire som ynskjer vitnestøtte. Vitnestøtte vert også gjeve til vitne sin næraste, slik som familie, vener, kollegaer eller andre som kjenner behov for støtte i ei vanskeleg tid. Dersom det er ynskjeleg, kan støtta også utvidast til å vera med under sjølve rettsmøtet.  

Kontaktinformasjon

Rådgjevar Torstein Svelland.

Besøksadresse: Politihuset i Haugesund, Smedasundet 50 (5. etasje). (kart) Rådgjevingskontoret for kriminalitetsoffer har open tilgong, men kan også nåast via telefon frå politipersonalet i skranken. Det er gode framkomst- og parkeringsmoglegheiter i området ved politihuset.

Postadresse: Postboks 278, 5501 Haugesund
Telefon: 78 98 96 20 - 78 98 96 21
Mobiltelefon: 97 99 22 42

E-post: [email protected]
Åpningstider: måndag, tysdag, onsdag og torsdag kl. 08.00 - 15.00